Foto: Samlaget
Hytta arva Siri Helle etter bestefar sin. Men hytta måtte ha ein utedo og arbeidet med den er sjølve "drivaren" i boka. Bak ideen om å skrive om prosessen lå det grunnleggjande spørsmålet: Kva skjer med oss og med samfunnet vårt når vi ikkje lenger brukar hendene?
Foto: Marit Brennset |
Vi skulle tru at ei bok om utedo-bygging er ganske fjernt frå kvardagen til engelskmenn. Men nei: ‘We all at Granta were captivated by Siri’s account of building her own mini-cabin – both for the clarity and honesty of her description of the challenges of wielding a chainsaw, and for the subtle profundities she discovers along the way. This is a book that celebrates the act of reconnecting with your own two hands and discovering the joy of creation. We feel so excited to be introducing Siri Helle’s writing to the English-speaking world,’ seier forlaget.
Siri Helle meiner det ikkje er nok å satse meir på yrkesfag i skulen. Foto: Frode Grimelid/Samlaget |
Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene?
Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.
- Vi menneske har heilt fram til no brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss og med samfunnet vårt når vi ikkje lenger brukar hendene? spør ho.
Den ferdige utedoen. Foto: Siri Helle/Samlaget |
Intens meistringsglede
På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.
For folk som verkar etter å bruke hendene
NRKs bokmeldar Knut Hoem skriv om boka at forfattaren svingar pennen like sikkert som motorsaga.
««Med berre nevane» er ei god bok å ha liggande når øksa kviler i hoggestabben og du set deg i solveggen og funderer på kva som skal bli neste prosjekt. Den er ikkje skrive for skolerte handverkarar, men for dei av oss som verker etter å gjere meir med hendene, men som ikkje heilt trur vi har det i oss.» skriv Hoem.