"Rakfisk fra Valdres" er nå godkjend av Mattilsynet under merkeordninga Beskytta nemningar. Dette er mogleg å oppnå for næringsmiddel som har ein tilknyting til det geografiske området.


Forskrifta er heimla i ”Forskrift om beskyttelse av opprinnelsesbetegnelser, geografiske betegnelser og betegnelser for tradisjonelt særpreg på landbruksbaserte næringsmidler, fisk og fiskevarer 5. juli 2002 nr 698.” Valdres Rakfisk BA står bak søknaden om beskytta geografisk nemning av ”Rakfisk fra Valdres”.

Gammal tradisjon

Raking av fisk er ein gammal metode for konservering og lagring av fisk, og har vore særleg utbredt i dei indre dal- og fjellstrøka i Sør-Noreg. Rakeprosessen er todelt, og det er primært ein enzymatisk spalting av fiskekjøtt og fiskefeitt, i tillegg til ein fermentering av mjølkesyrebakteriar som er naturleg tilstades.


I Valdres kan produksjon og sal av rakfisk føres tilbake til år 1600. Rakfisk var da blant varene bøndene selte rundt om på marknadene på Aust- og Vestlandet. I dag er Valdres primærområde for produksjon av rakfisk i Noreg. Opphavleg ble fisk som var fanga i innsjøane og vassdraga i området brukt til raking, men sidan 1965 har oppdretta regnbueaure også vore brukt som råvare til rakfiskproduksjon.

Medlemmane i samanslutninga har lang tradisjon for og innehar ein spesiell kompetanse for produksjon av rakfisk. Rakfisk frå Valdres har mellom anna av den grunn eit spesielt godt omdømme i Noreg.

Produktforskriftene blir kunngjorde i Norsk Lovtidend og Norsk Varemerketidende.

Kilde og bilde: Matportalen.no